Voss er godt kjend for spesialitetane sine innan den norske matkulturen
som smalahove, vossafår, vossakorv, dravle og brimlefse. For å sjå kvar desse lokale spesialitetane kjem frå, må me reisa eit par hundre år attende i tid. På 1800-talet var Voss fyrst og fremst eit jordbrukssamfunn. Av dei 4000 personane som budde her på denne tida, var over 800 av dei gardbrukarar. Og det var jordbruket og alt dei avla og fekk frå jorda, som var sjølvberginga på denne tida. Korndyrking var eit livsvilkår for alle som hadde jord, og en måtte ha rikeleg med heimeavla korn – både bygg og havre. Flatbrød og ulike typar graut var nemleg kvardagskost heile året – i tillegg til mjølkemat og røykt